Starttider:
Kl. 11.16 går fellesstarten for konkurranseklassane ved Tørvis Hotel i Marifjøra . Nedre aldersgrense er 15 år ( f. 1995 ).
Kl. 08.00 – 10.00 er valgfri starttid for mosjon utan tidtaking i FO. Nedre aldersgrense her er 12 år (f. 1998). Yngre born enn 12 år kan kun delta i følgje med foreldre. Deltakarane kan starte når dei sjølv vil i tidsrommet kl. 08.30 - 10.00. Erfaringa er at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å være på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane . Då må du vere på toppen før kl. 12.10. Dei beste brukar under ein time til topps !
Arrangøren vil oppfordre alle i trimklassa om å kome seg til topps på Molden før kl. 12.10 for å lage ei flott stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle både trimmarar og konkurranseløparar som startar på nedturen medan løparar framleis er på opptur har ”vikeplikt” og må vise omsyn.
Påbode med sekk frå start til mål. Sekken må vege minst 2,0 kg!
Alle deltakarane må ha sekk som skal vege minimum 2,0 kg på ryggen frå start til mål. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering. Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen(både opp og ned!). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen!
Alle i trimklassa må ta med seg drikkeflasker som dei kan fylle drikke på på nest siste drikkestasjon på Svolsete 750 moh fordi drikkestajon på toppen i målområdet på Molden 1116 moh er kun for konkurranseløparane.
|
|
|
|