Skulekonkurransen

Sidan Molden med sine 1116 moh ligg sentralt plassert i den vidstrakte kommunen vår og er ein av dei mest tilgjengelege fjelltoppane for folk flest, nyttar vi høvet til å utfordre alle skulane til å delta i ”Molden Opp skulekonkurranse” den 17.06.17.

Molden er eit av dei mest populære turmåla i kommunen vår, og alle elevane i lustraskulane bør oppleve det utsynet, vidsynet og klarsynet som eit besøk på toppen vil gje!

 

SPREKASTE SKULE

Skulane er delt inn i tre ulike grupper etter elevtal:

Gruppe 1:     Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule og Gaupne skule

Gruppe 2:    Luster oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter og Skjolden oppvekstsenter

Gruppe 3:    Jostedal oppvekstsenter, Solvorn oppvekstsenter og Veitastrond skule

                

Solvorn Oppvekstsenter har vunne skulekonkurransen i gruppe 1 i alle år sidan starten!

Solvorn Oppvekstsenter har vunne skulekonkurransen i gruppe 1 i alle år sidan starten!

 

Det vert premie til den skulen i kvar gruppe som har høgast prosentvis deltaking. I tillegg til heider og ære, vert premien 500 kroner som skal disponerast av elevrådet ved dei aktuelle skulane. Alle deltakarane vil også få ein flott deltakarmedalje.

 

 

SPREKASTE KLASSE

Skulane i gruppe 1 har klassar med mange elevar. Desse vil difor få ei ekstra utfordring: Kven klarer å bli den klassen som stiller med flest elevar i høve til klassestorleiken? Premien her har tidlegare vore Molden Opp t-skjorte til alle elevane som deltek i vinnarklassen, men erfaringar syner at dei fleste elevane allereie har kjøpt t-skjorte på førehand. Premien vert difor 500,- til klassekassa.