Praktisk informasjon

Start ved Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden 0 moh.

Trimklasse startar kl. 08:00–10:00
Konkurranseklassar startar: kl. 11:16

Det er påbode med sekk frå start til mål. Sekken må vege minst 2,0 kg!


Mål på Molden 1116 moh. Løypa er omlag 7 km lang med 1116 m. stigning.

Erfaringa er at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å være på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane. Då må du vere på toppen før kl. 12.00. Dei beste brukar under ein time til topps!

Alle, både trimmarar og konkurranseløparar som startar på nedturen medan løparar framleis er på opptur har ”vikeplikt” og må vise omsyn.


Løypa

MOLDEN OPP frå 0 – 1.116 moh på 7 km

Starten for motbakkeløpet Molden Opp går utanfor Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden. Mål er på Molden 1.116 moh. Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km (og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svolsete 775 moh. Frå Svolsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen. Løyperekorden i kvinneklassen er på 54.22, og vart sett av Heidi Weng i 2012. I herreklassen er det Torstein Tengsareid som slo den tidlegare løyperekorden då han sprang inn til 46.00 i 2014.

 


Startnummerhenting

Startnummerutdeling med etterpåmelding vil gå føre seg i Marifjøra frå kl 17:00–20:00, fredag 16. juni. Løpsdagen laurdag 17. juni er detstartnummerutdeling i sekretariatet på kaien ved TØRVIS HOTEL i Marifjøra frå kl. 08:00–10:30.

Påbode med sekk frå start til mål. Sekken må vege minst 2,0 kg. Regelbrot medfører tidstillegg. Løparar er sjølve ansvarleg for kontroll av sekken før start.

Alle deltakarane må ha sekk som skal vege minimum 2,0 kg på ryggen frå start til mål. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering. Deltakarane må sjølve bære med seg kle, drikke og mat for turen (både opp og ned !). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen!


Aldersgrenser

Born enn 12 år ( f. 2005 ) kan kun delta i følgje med foreldre eller andre vaksne i trimklassen.
Yngste klasse i konkurranseklassane er 15 år.

NB! MÅ lesast før start!

Drikke- /matstasjonar

Det er 3 drikkestasjonar i løypa der det blir servert saft og vatn.

  1. Stølshaug ( Stokkebø) etter ca. 2 km og 215 moh.
  2. Steinkveane etter ca 3,3 km og 520 moh.
  3. Svolsete etter ca. 5 km og 750 moh

 

Alle i trimklassa må ta med seg drikkeflasker. Vi oppfordrar trimmarane til å fylle opp vatnflaskene på drikkestasjonane på Steinkveane og Svolsete (750moh.) slik at dei har rikeleg med drikke med seg til Toppunktet/Mål ! 

Det vil også vere mogeleg å få drikke på drikkestasjonane på nedturen til Marifjøra.

 

Klasseinndeling

Klasseinndelinga i konkurranseklassa er lik for damer og herrar:
Klasseinndelinga er 15–17, 18–19, 20–22, 23–34, 35–39, 40–44, 45–49, 50–54, 55–59, 60–64, 65–69 og 70+ . I mosjonsklassa utan tidtaking er det inga klasseinndeling.

 

Premiering

  1. Alle som fullfører er vinnarar og får flotte medaljar etter målpassering.
    Tidsfristen for å få medalje på Molden er kl. kl. 14.30.
  2. Alle klassevinnarar i konkurranseklassane får eit par løpesko
  3. Pengepremiar på til saman kr. 23.000 etter denne fordelinga:
    (a) til dei 3 beste kvinner og menn: 1 premie kr. 6.000,- , 2. premie kr. 3.500,- og 3. premie kr. 2.000,-
    (b) kr. 1.500 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år (f. 1998 eller yngre)
  4. I tillegg til klassevinnar-premie får raskaste kvinne- og mann over 40 år gratis weekendopphald for to personar på Tørvis Hotel.
  5. Gåvepremiar. Det blir trekt ut gåvepremiar blant alle som har fullført både i konkurranseklassane og i mosjon utan tidtaking. Gåvepremiane vert berre delte ut til dei som er møtt fram til premieutdelinga. Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien !
  6. Det vert 20 % premiering i konkurranseklassane i tillegg til at det vert trekt ut 3 gåvekort på 1.500,- i konkurranseklassane.

 

Premieutdeling

Premieutdelinga blir ved Pyramiden i Gaupne kl. 16.00.


Garderobar

Garderobar blir tilgjengelege i Luster Treningssenter ved idrettshallen.


Overnattingstilbod:

For tilbod på overnatting sjå: www.sognefjord.no eller gaupnetunet.no eller Sandvik Camping.


For meir info:
Ta kontakt med IL Bjørn ved løpsleiar John Ingar Bukve [email protected], tel. 41 61 61 51. Spørsmål som gjeld påmelding kan rettast til leiar av sekretariat Linda Øvregard Røhme [email protected], tel. 40 22 85 86.