Påmelding

Påmeldingsfristar

Konkurranseklassar: 7. juni* 
Mosjonsklassen: torsdag 15. juni** kl 16.00 på internett.
 

Startkontingenten må betalast med ein gong etter at ein har meldt seg på. Når betalinga er registrert i nettbanken, vil påmeldinga bli registrert på deltakarlista som ligg på nettsida. Personar som ikkje har betalt startkontingent vert ikkje rekna som påmelde.

Kontonr. for påmelding til Molden Opp er 3785.11.38138

Startkontingentar:

Kr 300,- i konkurranseklassane for alle som er 23 år og eldre.
Kr 250,- i konkurranseklassane for alle mellom 15 og 22 år.
Kr 200,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 23 år og eldre.
Kr 100,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 22 år og yngre.

Familiar som melder på 3 eller fleire samla betalar ein makspris på kr 400,-. Dette gjeld kun for deltaking i mosjonsklassa. Når ein betalar startkontingenten, må det kome tydeleg fram kven betalinga gjeld for.

Norges Friidrettsforbund krev lisens for alle startande over 13 år. Eingongslisens er inkludert i startkontingenten. Deltakarar som har betalt årslisens, er sjølve ansvarlege for å få refundert denne hjå NFIF.

Me gjer merksam på at dei som melder seg på i familieklassen må fylle ut eitt påmeldingsskjema pr. familiemedlem.

 

 

Påmeldingsskjema

 

*Etteranmelding er mogeleg fram til torsdag 15. juni kl. 16.00 mot eit tilleggsgebyr på kr 100,-. Då stenger nettpåmeldinga! 
Ein kan og etteranmelde seg ved personleg oppmøte i Marifjøra fredag 16. juni frå kl. 17.00–20.00, eller på sjølve løpsdagen frå kl. 08.00-10.00.


Yngste klasse i konkurranseklassane er 15 år (f.2002) 

**Etteranmelding er òg mogeleg ved personleg oppmøte i Marifjøra fredag 16. juni frå 17.00–20.00 eller i sekretariatet i lagerbygget på kaien i Marifjøra frå kl. 08.00–10.00 på løpsdagen. På løpsdagen må ein betale eit etteranmeldingsgebyr på kr 50,-.