Påmelding

Påmeldingsfristar:

Konkurranseklassar: 1. juni 2012 på internett.

Etteranmelding er mogeleg fram til torsdag 14. juni kl. 16.00 mot eit tilleggsgebyr på kr 100,-. Då stenger nettpåmeldinga! 
Etteranmelding er óg mogeleg ved personleg oppmøte på Sogningen fredag 15. juni frå kl. 14.00–16.30 eller på Sportsbui på Pyramiden i Gaupne frå kl.17.30–20.00.

På løpsdagen må ein betale eit etteranmeldingsgebyr på kr 50,-.


Yngste klasse i konkurranseklassane er 15 år (f.1997) 

Mosjonsklassen: torsdag 14. juni kl 16.00 på internett.
Etteranmelding er òg mogeleg ved personleg oppmøte på Sogningen fredag 17. juni frå kl. 14.00–16.30, ved startnummerutdelinga på Sportsbui på Pyramiden frå kl.17.30–20.00 eller i sekretariatet i lagerbygget op kaien i Marifjøra frå kl. 08.00–10.00 på løpsdagen. På løpsdagen må ein betale eit etteranmeldingsgebyr på kr 50,-.

 

Startkontingentar 2012:

Kr. 250,- i konkurranseklassane for alle som er 23 år og eldre.

Kr. 200,- i konkurranseklassane for alle mellom 15 og 22 år.

Kr. 150,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 23 år og eldre.

Kr. 100,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 22 år og yngre.

Familiar som melder på 3 eller fleire samla betalar ein makspris på kr 300,- Dette gjeld kun for deltaking i mosjonsklassa. Når ein betalar startkontingenten, må det kome tydeleg fram kven betalinga gjeld for.

Startkontingenten må betalast med ein gong etter at ein har meldt seg på. Når betalinga er registrert i nettbanken, vil påmeldinga bli registrert på deltakarlista som ligg på nettsida. Personar som ikkje har betalt startkontingent vert ikkje rekna som påmelde.

Kontonr. for påmelding til Molden Opp er 3785.11.38138