Molden (1116 m.o.h.) gir deg kanskje den flottaste utsikten i heile Luster. Her har du panoramautsikt til fjorden, Breheimen og Jotunhemen.

Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km ( og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svorsete 775 moh.
Frå Svorsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker som kun dei aller beste kan springe opp. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen.
|
|
|
|