Start
Konkurranseklassar kl. 11:16 og Trim kl. 08:00–10:00 Start ved Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden 0 moh. Mål på Molden 1116 moh. Løypa er omlag 7 km lang med 1116 m stigning.
Løypa
MOLDEN OPP frå 0 – 1.116 moh på 7 km
Starten for motbakkeløpet Molden Opp går utanfor Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden. Mål er på Molden 1.116 moh: Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km (og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svolsete 775 moh. Frå Svolsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen. Vinnartida i 2010 vart 59.05 i kvinneklassen og 50.23 i herreklassen.
Startkontingentar
Kr 250,- i konkurranseklassane for alle som er 23 år og eldre.
Kr 200,- i konkurranseklassane for alle mellom 15 og 22 år. Merk at yngste klasse i konkurranseklassane er 15 år !
Kr 150,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle som er 23 år og eldre.
Kr 100,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle 22 år og yngre.
Familiar som melder på 3 eller fleire samla betalar ein max pris på kr. 300 i trimklassa. Dette tilbodet gjeld kun fram til påmeldingsfristen 1. juni.
Påmeldingsfristen i konkurranseklassane er 1. juni.
Etterpåmelding i konkurranseklassane etter 1. juni er mogeleg mot ekstra påmeldingsavgift kr 100,-,fram t.o.m. torsdag 16. juni kl. 16:00. Då stenger nettpåmeldinga! Påmelding til konkurranse-klassane er også mogeleg ved personleg frammøte ved stand utanfor Meny på Sogningen Storsenter, Sogndal kl. 14 – 16:30 og på Sportsbui på Pyramiden frå kl 17:30 – 20:00 fredag 17. juni. INGEN ETTERPÅMELDING I KONKURRANSEKLASSANE LØPSDAGEN
I mosjonsklassa utan tidtaking er det påmelding utan etterpåmeldingsgebyr fram til torsdag 16. juni.kl.16:00. Då stenger nettpåmeldinga! I mosjonsklassa utan tidtaking er det mogeleg med etterpåmelding løpsdagen ved start ved Tørvis Hotel i Marifjøra kl. 08:00 til kl. 10:00 mot eit tillegg på kr. 50,-
Starttider
Kl. 11.16 går fellesstarten for konkurranseklassane ved Tørvis Hotel i Marifjøra . Nedre aldersgrense er 15 år ( f.1996 ). Kl. 08:00 – 10:00 er valfri starttid for mosjon utan tidtaking. Nedre aldersgrense her er 12 år ( f. 1998 ). Yngre born enn 12 år kan kun delta i følgje med foreldre. Deltakarane kan starte når dei sjølv vil i tidsrommet kl. 08:00 - 10:00. Erfaringa er at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å være på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane . Då må du vere på toppen før kl. 12:10.
Arrangøren vil oppfordre alle i trimklassa til å kome seg til topps på Molden før kl. 12:10 for å lage ei flott stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle, både trimmarar og konkurranseløparar, som startar på nedturen medan løparar framleis er på opptur, har «vikeplikt» og må vise omsyn.
Startnummerhenting
Startnummerutdeling med etterpåmelding vil gå føre seg på Sogningen Storsenter Sogndal kl. 14 – 16:30 og på Sportsbui på Pyramiden frå kl 17:30 – 20:00 fredag 17. juni. Løpsdagen laurdag 18. juni er det kun startnummerutdeling i sekretariatet på kaien ved TØRVIS HOTEL i Marifjøra frå kl. 08:00–10:30.
Påbode med sekk frå start til mål. Sekken må vege minst 2,0 kg !
Alle deltakarane må ha sekk som skal vege minimum 2,0 kg på ryggen frå start til mål. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering. Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen (både opp og ned !). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen!
NB! MÅ lesast før start!
Drikke- /matstasjonar
Det er 4 drikkestasjonar i løypa der det blir servert saft og vatn.
1. Stølshaug ( Stokkebø) etter ca. 2 km og 215 moh.
2. Steinkveane etter ca 3,3 km og 520 moh.
3. Svolsete etter ca. 5 km og 750 moh
4. Mål på Molden etter 7km og 1116 moh ( drikke kun til konkurranse - utøvarane på toppen ).
Vi oppfordrar trimmarane til å fylle opp vatnflaskene på Steinkveane og på Svolsete slik at dei har rikeleg med drikke med seg til Toppunktet/Mål !
Det vil også vere mogeleg å få drikke på drikkestasjonane på nedturen til Marifjøra. Alle trimmarar blir oppfordra til å ta med seg flaske med drikke heimafrå for å kunne fylle på flaska på 3. drikkestasjon.
Klasseinndeling
Klasseinndelinga i konkurranseklassa er lik for damer og herrar: Klasseinndelinga er 15–17, 18–19, 20–22, 23–34, 35–39, 40–44, 45–49, 50–54, 55–59, 60–64, 65–69 og 70+ . I mosjonsklassa utan tidtaking er det inga klasseinndeling.
Premiering
(1) Alle som fullfører er vinnarar og får flotte medaljar etter målpassering. Tidsfristen for å få medalje på Molden er kl. kl. 14.30.
(2) Alle klassevinnarar i konkurranseklassane får eit par NEW BALANCE løpesko
(3) Pengepremiar på til saman kr. 19.000 etter denne fordelinga: (a) til dei 3 beste kvinner og menn: 1 pr. kr. 4.000,- , 2. pr. kr. 2.500.,- og 3. pr. kr. 1.500,- (b) kr. 1.500 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år ( F. 1992 eller yngre)
(4) I tillegg til klassevinnar-premie får raskaste kvinne- og mann over 40 år gratis weekendopphald for to personar på Tørvis Hotel.
(5) Gåvepremiar. Det blir trekt ut gåvepremiar blant alle som har fullført både i konkurranseklassane og i mosjon utan tidtaking. Gåvepremiane vært kun delte ut til dei som er møtt fram til premieutdelinga. Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien !
(6) Luster Kommunes krystallvase/ pokal som samanlagtpremie til vinnar av yngste dameklasse 15-17 år og vinnar av yngste herreklasse 15-17 år.
(7) Luster Sparebanks pokal til beste herre totalt og til beste dame totalt.
(8) Det vert 20 % premiering i konkurranseklassane i tillegg til at det vert trekt ut 3 gåvekort på 1.500,- i konkurranseklassane.
Premieutdeling
Premieutdelinga blir på Tørvis Hotel i Marifjøra kl. 16.30:
For meir info: Ta kontakt med IL Bjørn ved løpsleiar John Ingar Bukve
This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it
, tel. 41 61 61 51, Tørvis Hotel på tel. 57 68 35 00 ved hotelldirektør Bård C. Huseby,
This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it
.
Garderobar
Vert ved Gaupne skule og vert skilta
Overnattingstilbod:
Ta kontakt med Tørvis Hotel på www.torvis.no. Tel 57 68 35 00. Tørvis Hotel ligg rett ved startstreken. Premieutdelinga etter løpet blir også på Tørvis Hotel. For andre tilbod på overnatting sjå: www.sognefjord.no
|