Bedriftskonkurransen

Sidan Molden med sine 1116 moh ligg sentralt plassert i den vidstrakte kommunen vår og er ein av dei mest tilgjengelege fjelltoppane for folk flest, nyttar vi høvet til for 8. gong å utfordre alle lokale bedrifter til å delta i ”Molden Opp bedriftskonkurranse”.

Molden er eit av dei mest populære turmåla i kommunen vår og så mange som mogeleg bør oppleve det utsynet, vidsynet og klarsynet som eit besøk på toppen vil gje! Det å ha eit felles mål å strekkje seg mot, kan vere viktig for samhald og engasjement i ei bedrift. I tillegg, er den helsemessige gevinsten udiskutabel. Spreke og aktive tilsette vil få betre helse, noko som òg kan ha positiv effekt på sjukefråveret i bedrifta.

Nokre av bedriftene er sponsorar, og har gjennom sponsoravtalane sine fått tildelt eit visst tal gratispåmeldingar. Desse kan bedrifta nytte slik dei finn det for godt, men me ynskjer å presisere at det i bedriftskonkurransen berre er dei som faktisk er tilsette i bedrifta som tel. Vinnarane vert kåra ut frå kven av bedriftene som klarer å stille med høgast mogeleg prosentvis deltaking.

Alle må melde seg på via nettet på www.moldenopp.no

I tillegg må ein ansvarleg i kvar bedrift sende ei samleliste over alle tilsette som skal delta i bedriftskonkurransen til marianne.moen@gaupne.no innan tysdag 13.juni kl. 16.00. På denne lista må det i tillegg stå kor mange tilsette bedrifta har totalt. Ein reknar då tal hovud ein har arbeidsgjevaransvar for, ikkje tal årsverk.

Glade vinnarar av bedriftskonkurransen i 2015. Sportsbui vann klassen for små bedrifter med 100% deltaking. Tørvis deltok med 88% av dei tilsette, og vann klassen for mellomstore bedrifter. I klassen for store bedrifter, vart det delt siger til spar Gaupne og Luster Energiverk. Begge bedriftene stilte med 50% av dei tilsette.

Glade vinnarar av bedriftskonkurransen i 2015. Sportsbui vann klassen for små bedrifter med 100% deltaking. Tørvis deltok med 88% av dei tilsette, og vann klassen for mellomstore bedrifter. I klassen for store bedrifter, vart det delt siger til spar Gaupne og Luster Energiverk. Begge bedriftene stilte med 50% av dei tilsette.

 

Sprekaste bedrift

Bedriftene vert delt inn i tre ulike grupper etter tal tilsette:

Små bedrifter: Frå 4-10 tilsette. Vinnar i 2011, 2012, 2013 og 2014, 2015 og 2016 var Sportsbui. I 2013 delte dei sigeren med Luster betong.

Mellomstore bedrifter: Frå 11-25 tilsette. Vinnar i 2011, 2012 og 2013 var Spar. I 2014 og 2015 var det Tørvis som gjekk av med sigeren. Norconsult vann klassen i 2016.

Store bedrifter: Over 26 tilsette. Vinnar i 2011, 2012 og 2013 var Luster Energiverk. I 2014 måtte dei sjå seg slått av Statkraft. I 2015 delte dei sigeren med Spar, medan dei vann ein klar siger med 89% deltaking i NM-året 2016.

I Luster kommune er kvart oppvekstsenter, Gaupne barnehage, Hafslo barnehage, Gamlestova barnehage, Gaupne skule, Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule, Rådhuset, ATS, Helsesenteret, Tenestekontoret, Luster sentralkjøken, Luster omsorgssenter, Gaupne omsorgssenter, Hafslo omsorgssenter, Grandmo busenter og teknisk drift å rekne som sjølvstendige einingar/bedrifter og vert plasserte i rett gruppe etter tal tilsette.

Det vert kåra ein vinnar i kvar gruppe. Premien vert ei synleg utmerking som kan plasserast på arbeidspassen, i tillegg til godt omdøme, heider og ære. Alle deltakarane vil også få ein flott deltakarmedalje.